- Dette var heilt utruleg, seier den lukklege eigaren av laksen på 22, 5 kg, Per-Arnfinn Brekke frå Oslo. Berre fem minuttar etter at laksefisket starta natt til laurdag, fann den enorme laksen vegen til Brekke si fluge -og kampen kunne starte.

Tungt

- Det var veldig tungt og eg måtte jobbe og slite. Eg skjønte ikkje at den var så svær først, og det vart ein skikkeleg kamp, seier ein entusiastisk Brekke. Men kampen varte ikkje så veldig lenge, tatt storleiken i betraktning. Brekke anslår at laksen var på land etter omlag 20 minuttar. Laksen vart fiska på Gjørven, i hølen Cowan.

Mange år sidan denne storleiken

Knut Løvdal har vore tett på laksefiskarar i Stryneelva i mange år, men må nokre år tilbake i tid for å hugse liknande fangst. - Eg trur vi i alle fall må 15 år tilbake i tid. Dette var ei fantastisk oppleving, seier han.