Like sikkert som sommaren er det at den gamle, grøne folkevognbilen til Håkon Loen står parkert i bank-krysset i Stryn.

Denne veka var kassebilen frå 1976 på plass igjen. Og bak salgsdisken, står ein hyggeleg kar på 12 år og tek hand om kundane. Richard Loen er inne i sin andre sesong som jordbærseljar.

- Det er veldig kjekt. Eg står her frå ti om morgonen, fortel han. Når vi spør om han sparar pengar til ferie lyser han opp.

- Ja, vi skal til Tyrkia, gliser han.

Bær på timen

Mannen som har dyrka fram bæra, Håkon Loen, fyller på med kassar medan eg pratar med den unge jordbærseljaren. Håkon køyrer shutteltrafikk mellom Stryn og Loen for å fylle på med ferske bær. I løpet av ein dag blir det gjerne 5-6 turar kan han fortelje.

- Bæra er plukka same dag, dei fleste aldri meir enn 2 timar gamle når kunden kjøper dei. Og desse er berre 1 time gamle, seier Håkon og peikar på den næraste kassa med jordbærkorger.

Kjennemerke

Han trur den grøne bilen er blitt eit slags kjennemerke for mange i sommarglade Stryn, og vil anslå at det er rundt 30. sesongen han nyttar bilen til dette.

- Sjølv i regnværet i dag har vi selt mykje, seier den røynde jordbærbonden og snur for ny tur til Loen for ferske bær.

Richard ekspederer kundane som om han hadde vore kjøpmann i mange år.(Foto: Roy Aron Myklebust).