Britt Pernille Frøholm frå Hornindal kjempar om å vertanoregsmeister i solo gammadansspel på fele/hardingfele under Landsfestivalen igammaldansmusikk. Frøholm var ein av fire som vart plukka ut til finalespel etter dei innleiande rundane. Finalespelet gjekk føre seg i går kveld. Saman med Britt Pernille Frøholm kom Bjørn Kåre Bråten Odde, Lom spelemannslag, Alexandrer Aga Røynstrand, Hardanger spelemannslag og Jørgen Nyrønning, Ålen spell- og dansarlag til finalen. Kven som går av med sigeren blir først klart under meisterkonserten og premieutdelinga søndag. I kveld er det finalespel for spelemannslaga, medan gammaldansgruppene knivar om sigeren i morgon kveld.

Festivalen går av stabelen på Løten.