Arne M. og Asbjørg Hustveit Sølvberg frå Spelemannslaget Fjelljom på Fjelli dansar for ein NM-tittel i kveld.

Dei deltok fredag i klassen for pardans i gammaldans under Landsfestivalen på Løten. Følgjande par gjekk til finalen:Arne M. Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg (Spelemannslaget Fjelljom)

Anbjørg Myhra Bergwitz og Bente Hjellum Syvertsen (FolkOrg)

Geir Ove Hippe og Torill Kvalvågnes (Øystre Slidre spel- og dansarlag, Ål spel- og dansarlag)

Ingebjørg Sandum og Bjørn Sandum (Heidal spel- og dansarlag)

Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen (Hedmark Folkemusikklag)

Stian Roland og Tone Voldhaug (Øystre Slidre spel- og dansarlag)

Samtlege par dansar finaledans i kveld. Medaljefordelinga vert kunngjort under meisterkonserten i morgon. Då vert det også klart om Britt Pernille Frøholm frå Hornindal, finalist i solo hardingfele/fele, er ein av medaljevinnarane i si klasse.