Storfavoritten Helge Hafsås vann Hornindalsvatnet maraton for 17ande gong. Han konkurrerte i heilmaraton og kryssa mållinja 20 minutt mann nummer to. - Eg kjente at eg gjekk tungt frå starten. Eg fann ikkje den gode kjensla, seier Hafsås frå Olden IL.

Det var varmt i Hornindal laurdag, og dette prega nok deltakarane. - Eg er fornøgd med å vinne, det er jo alltid kjekt. Eg er ikkje like fornøgd med tida eg sprang på, det var varmt, seier maratonvinnaren.

Halvmaratonvinnaren var nederlendaren Rolf Ringenaldes.- Det var heilt fantastisk å vinne, det hadde eg aldri trudd at eg skulle gjere. Laupet besto av mange oppoverbakkar, det var slitsamt. Slik er det jo ikkje i Nederland, seier han.

Yngste deltakaren på halvmaraton var Rasmus Haugen (15). - Det var tungt og varmt i dag, men er nøgd med å springe inn på ein femteplass, seier han.

Helge Hafsås går i mål på Hornindalsvatnet maraton som førstemann. (Foto: Olga Marie)