Ein mann vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse, ein annan til same sjukehus med ambulanse etter at bilen dei sat i køyrde inn i kyrkjemuren i Innvik ved 17.30-tida laurdag. Ulukka skjedde på ein veg i eit bustadfelt, og politibetjent Jan Tore Sunde seier til Fjordingen at det kan tyde på at farta har vore høgare enn forholda på vegen tilseier.

Smellen i kyrkjemuren var så kraftig at fleire steinar har flytta på seg. Bilen dei to karane i 20-åra køyrde vart kraftig ramponert som følgje av kollisjonen.

AMK-sentralen kunne søndag opplyse at ein av personane i bilen hadde fått moderade skader, medan den andre var lettare skadd.