I fylkesrådmannen sitt framlegg til økonomiplan, som strekkjer seg til 2017, er det ikkje sett av pengar til sluttføring av opprustingsarbeidet på fv 60 Olden- Innvik.

Det betyr at budsjettframlegget som skal handsamast tysdag er i samsvar med framlegget til Regional transportplan som fylkesutvalet sende ut på høyring i juni.

Der er sett av 25 millionar i 2014 og 20 millionar i 2015 til fullføring av parsellen Agjeld- Ugla, men etter det er pengesekken tom og Ugla- Olden vil framleis stå att.

Olav Rune Haugen frå aksjonen Sikker skuleveg Olden-Innvik, seier han forventar at politikarane finn ei løysing for kontinuerleg drift på fv Olden-Innvik til vegen er ferdig.

- Dette er heilt nødvendig, om så fylkeskommunen må ta opp lån. Noko anna er ikkje forsvarleg, seier Haugen til Fjordingen.