Anne Rudsengen og Rune Holen i Statens Naturoppsyn var torsdag og fredag vertskap for 10 svenskar som ville lære meir om tiltak i verna område. Særleg steinlegging av stiar slik som til Skåla, fatta dei besøkande stor interesse for.

Svenskane representerte både Naturvårdsverket (tilsvarande Milljødirektoratet i Norge) og Lensstyrelsen i dei forskjellige len som tilsvarar fylkesmannen hos oss. Også Lappland var representert.

-Vi har hatt ein fantastisk tur til Skåla og til Bødalsseter. Naturen her er unik, ikkje minst i norges lengste motbakke, kunne Erik Hellberg fortelje før dei reiste frå Loen fredag.

-Vi har jobba lite med grunnleggande tiltak slik som steinlegging av stiar i Sverige. Når vi har lært av andre, vil vi starte opp med prosjekt. Denne gongen hadde vi med deltakarar frå fjellområda i Sverige, men vi har også mange reservat langs kysten.

-I alt har vi 4.000 naturreservat i Sverige og 550 mil med fjellstiar som den svenske stat har ansvaret for. Kanskje kjem vi attende for å lære meir, sa Hellberg som til dagleg jobbar i Naturvårdsverket lokalisert i Østersund.

-Det var fasinerande for dei å høyre om korleis vi samarbeider med reiselivsnæringa, kommunen og grunneigarane. I Sverige er det staten som er grunneigar i nasjonalparkane og som kjenner ansvaret for fjellstiane. Dei har 29 nasjonalparker med eit ønskje om 42. I Sverige er det faktisk slik at det strengaste vernet er knytta til nasjonalparkane. Hos oss gjeld det reservata, seier Anne Rudsengen.

Det var ikkje berre steinset jinga som imponerte svenskane, men også dei lett tilgjengelege stiane i Kjenndalen og Bødalen som har fått universell utforming og som i stor grad er tilgjengelege med rullestol, barnevogn etc.

Rudsengen og Holen legg ikkje skjul på at Norge også har mykje å lære av svenskane:

-Først og fremst gjeld det merkevarebygginga, ikkje minst knytta til innfallsportane til nasjonalparkane. Innfallsportane kan vere forskjellige i Sverige, men dei opererer elles med ein profil og design som har klar gjenkjenningseffekt for alle interesserte. Dei har elles hatt stort fokus på å drifte og vedlikehalde naturen sin, seier Holen. Rudsengen legg til at dei har eit vedlikehaldsbudsjett på stiane sine på 15 millionar kroner.

-

Dei studerte Skålastien. Her ser vi nokre frå følgjet med Storskredfjellet og Fosdalen i bakgrunnen. Frå venstre: Veronica Nilsson, Eva Nasman, Maria Knagenhjelm (nasjonalparkforvalter), Bo Nilsson og Nils Hallberg.