Like før klokka 14.00 kom det melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Politet melder at det er ein bubil og ein personbil som har kollidert. Dei fire i personbilen, tre vaksne og eitt barn, blei skadde. Ein av dei sat ei stund fastklemd i bilen. Også føraren av bubilen vart skadd i kollisjonen.

Alle dei skadde vart sende til sjukehus med helikopter. To til Ålesund og tre til Førde.

Politiet opplyser at det var fire statsborgarar frå Tsjekkia i personbilen og ein mann frå Sunnmøre i bubilen. Tilstanden til eit ban på 13 år er ustabil. For dei vaksne er tilstanden meir stabil. Fleire detaljar om helsetilstanden har ikkje politiet.

Det foregår no undersøking på ulukkesstaden. Ulukkes- og analysegruppa til Statens vegvesen er på veg dit.

Vegen var sperra i om lag to timar etter kollisjonen mellom Olden og Innvik.

Frå ulukksesstaden. (Foto: Bengt Flaten)