Både Linda Gytri frå Oldedalen og Unni Løvlid frå Hornindal er nominerte til årets Luttpris, fortel NRK.

Begge har gjort seg sterkt bemerka som folkemusikkutøvarar, Linda Gytri med trekkspel og Unni Løvlid innan vokal folkemusikk. Luttprisen er NRK Sogn og Fjordane si kåring av årets artist frå fylket. I tillegg til heider og ære får vinnaren eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest og eit spesialtrykk av Oddvar Torsheim.

Dette er alle dei Luttpris-nominerte:

Iselin Solheim

Good Time Charlie

Olav Stedje

Tone Damli Aaberge

Erlend Apneseth

Line Dybedal Vederhus

Karl Seglem

Linda Gytri

Eye Emma Jedi

Vreid

Steinar Engelbrektson

Unni Løvlid