Arne M. Sølvberg frå Fjelli er tildelt Hilmar Alexandersen musikkpris 2013. Tidlegare vinnarar av den høgthengande prisen er mellom andre Hans W. Brimi, Knut Buen og Kirsten Bråten Berg.

- Sølvberg er ein flott og verdig vinnar, konkluderer juryen igrunngjevinga si.

Det er Stiftinga Hilmar Alexandersen saman medNord-Trøndelag fylkeskommune og Steinkjer kommune som er jury ogutdelarar av prisen.

Prisen som er eit pengebeløp og plakat, blirutdelt fredag 8. nov, under den årlege Hilmarfestivalen iSteinkjer.

Juryen seier i si grunngjevingat Arne M. Sølvberg er ein framifrå formidlar på kurs og forelesingar og hargjort ein stor innsats for å rekruttere barn og unge tilfolkemusikkmiljøet. Han har hatt mange tillitsverv innan norskfolkemusikk og folkedans og har motteke både spelemannspris ogKongens fortenestemedalje for sitt store og allsidige kulturarbeid.

Tidlegare mottakarar av prisen: Susanne Lundeng 1991, Knut Hamre1992, Leif Inge Skjølberg 1993, Hans Brimi 1995, Sven Nyhus 1997,Petter Andreas Røstads kvartett 2003, Geir Egil Larsen 2004,Majorstuen 2005, Annbjørg Lien 2006, Knut Buen 2007, Gunnar Stubseid2008, Martin Myhr 2009, Kirsten Bråten Berg 2010, Einar Olav Larsen2011 og Sigrid Therese Moldestad 2012.