-Litt i underkant av totalt 700 menneske besøkte utkantmarknaden i Innvik laurdag og søndag. Laurdag var ein god dag, men søndag var det langt færre besøkande enn forventa, seier Per Heggdal til Fjordingen.

Torill Bennæs legg til at snøfallet, glatte vegar og ikkje minst cupfinale på fjernsynet virka inn på besøkstalet.

-Korleis gjekk salet?

-Enkelte var godt nøgde, andre ikkje. Dett varierar sterkt. Her har vore utstillarar som har teke pause på grunn av dårleg sal, men som har kome attende og opplevde det motsette. Sikkert er det at publikum set pris på kvalitetsprodukt og den rolege og gode stemninga, seier Bennæs.