Åtte av feleelevane i Stryn kulturskule skal vere med på Sogn ogFjordane symfoniorkester (SOFORK) sine nyttårskonsertar iFørde og på Sandane med gjestesolist Alexander Rybak.

Totalt er det omlag 30 unge talent som skal vere med på fire nummer i lag med SOFORK og gjestesolist Alexander Rybak.

Dei åtte elevane frå Stryn kulturskule som skal vere med er Selma Flo Munch,  Hjelledalen, Nanda van Kessel, Blaksæter, KarenUeland, Innvik og Astrid Lovise Hilde, Inger Anne Kårstad, RagneVerlo Heggdal, Alva Verlo Heggdal og Mathea Carlsen, alle Utvik.

- Det blir ein flott konsert medmange klassike perler, litt folkemusikk og Alexander Rybak sine eigne songar, fortel Mette Carlsen, felelærar i Stryn kulturskule.