Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) har ambisjon om å avgjere E39-traseen mellom Skei og Volda i løpet av våren. Det vil seie i løpet av tre-fire månader, opplyser han til Fjordingen.

Etter å ha høyrd 11 ordførarar, to fylkesordførarar og fire bruselskap argumentere for sine syn om kvar framtidas E39 bør gå, skal Solvik-Olsen saman med statsekretær og politisk rådgjevar i samferdselsdepartementet køyre alle alternative ruter så langt det er mogleg med buss tysdag. Statsråden skal sjå på moglege trasear for strekninga mellom Byrkjelo og Volda samt Hafast (Hareid fastlandssamband) og Fefast som er alternativet med brukryssing ved Festøy.

Etter turneen vil han reise tilbake til Oslo og sortere inntrykk og vurdere alternativa opp mot kvarandre.

- Ein del av dei tala som vart presenterte i møtet i Ørsta i kveld vil eg nok også sjekke, sa han under oppsummeringa.

Til Fjordingen sa Solvik-Olsen at at han ikkje vil bruke lenger tid på å ta avgjerd enn nødvendig. Dette både for å kome vidare i prosessen for dei traseane som vert valde, og for at dei områda som ikkje skal byggjast ut kan ta omsyn til det i sine planar for lokal utvikling.