-Tida er inne for å sjå nærare på muleg kraftutbgging i verna vassdrag. Det meiner stryneordførar Sven Flo.

-Den store planen frå 1992 som også omfatta Lodalen/Erdalen er mindre interessant i dag, men det er verdt å revitalisere ein del problemstillingar. Det har skjedd mykje teknologisk sidan 1992 som gjev grunnlag for meir skånsame utbyggingar. Eg tenkjer til dømes på Sunndalen og Videdalen, seier Flo.

- Kvifor no?

-Vi får signal frå sentralt hald som gjer dette meir aktuelt. For eitt år sidan ville det vore utenkjeleg. Mellom anna vil olje- og energiminister Tord Lien gjere endringar i regelverket som gjer det lettare å byggje småkraftverk i verna område.

-Kva vil du foreta deg?

-Først og fremst å kome i tettare dialog med olje- og energidepartementet og få til møte med eigne stortingspolitikarar der saka kan diskuterast, seier Flo.