- Langfredag - etter at Nakkjen Ned er ferdig - blir det presentasjon av planane om eit hopptrekk ved Nordfjord Fritidssenter. Dette i kombinasjon med alpinanlegg.  Vi vil på møtet ta ein gjennomgang av arbeidet som er gjort så langt og informere om vegen vidare, seier prosjektleiar Tor Åge Berglid til Fjordingen.

- Prosjektet går ut på å kombinere hopp og alpint?

- Ja. Vi planlegg eit trekk som skal frakte hopparane  dei 400 meterane til toppen av Bjørkelibakkane. I den samanheng ser vi på mulegheita for å forlenge trekket og på den måten få til ein  berekraftig sambruk, fortel Berglid.

- Kva kostnader snakkar vi om?

- Prosjektet har ei ramme på ca 6 millionar kroner. Det må også sjåast i samanheng med behovet for rehabilitering av hoppanlegget som no er 20 år gamalt. Ved å forlenge hopptrekket kan vi få utvida aktiviteten.  Det vil også ha stor betydning for utbygging av hytter og fritidsbustader i området, understrekar Tor Åge Berglid.