Folk i indre Nordfjord er velsigna med strålande påskever. Det betyr at mange siktar seg inn på ein tur til fjells.

Sjølv om trekket på Stryn skisenter ikkje går, var det frå tidleg langfredag morgon ein jamn straum av bilar på veg til Bøasetra/Tonningsetra.

- Vi skal treffe familiemedlemmer som ligg på setra.  Så får vi sjå kvar turen går vidare, fortalde Ellinor og Per Helge Flo.