Desse kretsa rundt og rundt over skitrekket på Utvikfjellet 1. påskedag.

Dessverre var ikkje fotografen utstyrt med beste linsa, men ser ein godt etter er det seglfly, og ikkje måkar, som tek seg flott ut mot den knallblå himmelen.

Flya låg med relativt få meters avstand, så det var nok drivne pilotar bak spakane.

Fjordingen får opplyst at seglflya stammar frå ein flygeklubb i Os ved Bergen, og at dei har base ved Anda no i påska.

Her i himmelsjå, over skitrekket på Utvikfjellet, var det at glideflya kretsa ei lang stund.