Det er i dag klart for serieopning for Stryn sitt 3. divisjonslag i fotball. Opningskampen går borte mot Sogndal 2. Kampen kan du følgje direkte her.

Ideelt sett skulle Stryn vore i betre i form, seier trenar Dagmund Evebø.

- Ein del spelarar er i rute medan andre har framleis ein del å gå på. Men sånn er det no berre, seier Evebø.

Han forventar likevel poeng i seriestarten.

- Ja, det er eit lag vi slo i begge kampane i fjor. Då stilte dei også med ganske god motstand med spelararar frå Tippeligaen. Men det er gjerne  lettare å møte tippeligaspelarar som har eit noko meir avslappa forhold til slike kampar, enn unggutar som har mykje å bevise, seier Evebø.

Trenaren frå Stryn forventar elles at Ålesund 2 er ein av favorittane til å vinne avdelinga.

- Dei har mange spelarar på aldersbestemte lag, så eg forventar dei i toppen. Elles kjenner eg lite til mange av dei andre laga, seier han. Ambisjonen for eige lag er øvre del av tabellen.

- Viktigaste oppgåva vår er å gi dei yngste spelarane god kamptrening. Vi driv spelarutvikling og målet er å lage spelarar  som etter kvart kan spele på eit høgare nivå, seier Evebø.

Stryn møter Sogndal 2 borte tysdag ettermiddag.

Stopparen Trausti Ørn Thordarson har vore på prøvespeling i Stryn i veka før påske. Får han jobb, er han interessant for Stryn. (Foto: Ove Sveen).
Denne unge gjengen bankar verkeleg på A-lagsdøra. Frå venstre: Isak Hopland, Steffen Glosvik, Rasmus Bø, Eirik Bøe, Vegard Øvreberg, John Marius Berger og Agon Quitaku. Nokre mangla, mellom dei Erik Amble Haugen.(Foto: Ove Sveen).