Før helga fekk rovviltkontakt Ingolf Folven fleire meldingar om ulveobservasjon i Oppstryn.

Også på andre sida av fjellet er det observert ulv. I Vågå fekk ein observant mann nokre dagar før ulveobservasjonane i Oppstryn  fotografert ulv på eit jorde, fortel avisa Fjuken.

Esben Bø (SNO) var i følgje avisa med på sporing av dyra frå Vågå. Han opplyser til Fjuken at dei miste spora i Lom, men meiner det er godt truleg at dyra har vandra vidare vestover dalføret.