Fylkesmannen sitt avslag på søknaden om 15.000 kroner til å drive sorggrupper for etterlatne etter sjølvmord har skapt stort engasjement. Tidlegare i dag gjekk Berit Lyslo Concha og Agathe Zoè Sunde ut på fjordingen.no etter å ha lese om saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Her gjekk det fram at LEVE i Sogn og Fjordane har fått avslag på støtte til å drifte sorggrupper som har eksistert i mange år. Dei to kvinnene vil setje i gang lotteri og vurderer også kronerulling.

Også Stryn Ping Pong Club reagerer sterkt, og tok umiddelbart kontakt med leiaren i LEVE Sogn og Fjordane då nyheita vart kjend.

- Vi betaler heile summen på 15.000 kroner, seier Kåre Tonning, konsul i Stryn Ping Pong club.

- Vi er ein samfunnsengasjert klubb som ønskjer å bidra. Denne saka engasjerte oss såpass sterkt at vi tvert og samla bestemte oss for å betale den summen Fylkesmannen ikkje ville gje. Det arbeidet LEVE gjer er særs viktig for mange menneske som har kome i ein vanskeleg situasjon. Dei fleste, for ikkje å seie alle, veit om eller kjenner til nokon som har mista ein av sine kjære i sjølvmord. Dette er eit tema som kan vere vanskeleg å snakke om for mange, men desto viktigare å støtte økonomisk slik at dei som treng hjelp kan få det. No vonar vi tilbodet kan bli oppretthalde likevel, seier Kåre Tonning til Fjordingen.

- Kvar hentar de pengar frå?

- Dette er frå overskotet etter førre års oktoberfest i Stryn, seier Tonning.