Skogstad Sport har opna kontor i Oslo.

- Marknadsavdelinga, som tidlegare har vore på hovudkontoret i Innvik, blir flytta og vil saman med salsavdelinga og Skogstad detalj utgjere kontoret i Nydalen, fortel Hennning Skogstad, dagleg leiar ved innvikverksemda.

- Kvifor flytte marknadsavdelinga?

- Sidan vi allereie idag har salgssjefsstillinga i Oslo, så er det naturleg at også den kreative delen rundt sal er i same hus, for å få eit best mulig samordna arbeid ut mot kundane. Åpninga av showroom/kontor er eit ledd i å bli meir tilgjengelig for kundar i området. Eit samla Skogstad-team i Oslo vil kunne bidra til eit meir fokusert samarbeid med kundar/kjeder og auke tilgjengelegheita både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er det viktig at våre tilsette i området no kan få eit felles miljø å samlast i kvar dag, og vi får eit naturlig samlingspunkt ein stad vi ofte reiser til i mange samanhengar.

Skogstad seier verksemda nyleg har hatt sine første kunde- og kjedevisningar frå Oslo-kontoret.

- Vi har fått veldig positive tilbakemeldingar frå kundane på at vi blir meir tilgjengelige, og vi ser allereie god verknad av at vi kan jobbe tettare med kundane no etter ca ein månads drift.

- Kva vil dette bety for Skogstad i Innvik?

- Ved å styrke vår posisjon gjennom auka tilgjengelegheit i, og også frå, hovedstaden vil dette styrke bedrifta vår også på hovudkontoret i Innvik, seier Henning Skogstad.

Han legg til at tilhøyrsla til nærmiljøet stadig står like sterkt hos Skogstad, og at bedrifta har som mål at eit kontor i Oslo skal bidra positivt til Skogstad si utvikling både nasjonalt og lokalt og styrke posisjonen i marknaden.

Velkomstbildet hos Skogstad Sport i Oslo er frå gamle Innvik. Foto: Skogstad Sport
- Bordet er frå ei lokal strynebedrift. Vi spelar mykje på Stryn og Innvik og er stolte av det vi har fått til i Oslo, seier Henning Skogstad. Foto: Skogstad Sport
Henning Skogstad, dagleg leiar ved Skogstad AS. Foto: Arkivfoto: Ove Sveen