Sigrid Moldestad og hennar inviterte musikkvener frå USA, Skandinavia og Storbritania varta opp med ein forrykande konsert i "Lada na Malla" på Breim under Norsk Countrytreff laurdag kveld.

Det gneistra av både musikarane og lynet og torevêret denne julikvelden. Ei fantastisk speleglede og eit imponerande dugleiksnivå overskugga dei fire-fem straumbrota undervegs i konserten som oppstod grunna vêret. Med sine akustiske instrument heldt dei det gåande sjølv i bekmørkre.