På ein bensinstasjon på Hjelle møter Fjordingen ein engelskmann med kraftig skinnjakke og ein feit motorsykkel.

Han reiser rundt i Europa på motorsykkelen sin, saman med to kameratar.

Grey har kome sjøvegen frå England til Nederland. Før han kom til Norge har turen gått gjennom Tyskland, Polen, Littauen, Latvia, Estland og Finland.

Han entra Norge i nord og kan skilte med at han har køyrd frå Nordkapp til Stryn.

– Det har vore ei fantastisk reise med vakker natur, seier han.

Grey har reist rundt i verda på motorsykkel i femti år. Han er pensjonert og bur saman med familien sin i Durham i England. Han har fått eit godt inntrykk i Norge, og vil gjerne reise tilbake ved ei seinare anledning.

– Nordmenn er veldig vennlege. Eg har tusenvis av gode minne frå turane mine, og det er alltid menneska eg møter som skapar dei beste minna, seier han.

-Kvifor reiser du rundt på motorsykkel?

- “Because I enjoy it”