Stryn Sommerski Eigedom AS er dømd til å betale 250.000 kroner for diverse inventar ved Folven Camping.

Saka som er avgjort ved Fjordane tingrett skriv seg tilbake til 2010 då familien Skibenes gjennom selskapa Stryn Glacier Mountain AS og Strynefjellet AS selde sommarskisenteret på Tystigen og Folven camping til Stryn Sommerski Eigedom AS. Selskapet som kjøpte skisenteret og campingplassen bestod av aksjonærane Stryn kommune, Moods of Norway og Nordfjord Kjøtt AS.

Under salet var det semje om kjøp og pris for sjølve skisenteret og campingplassen, medan partane skulle kome til nærare semje om vederlag for diverse inventar og investeringar ved Folven camping etter driftssesongen 2010.

Partane klarte ikkje å oppnå semje om noko slikt vederlag, heller ikkje gjennom Forliksrådet. Dermed tok POP Norge AS som hadde stått for investeringane og innkjøp av inventar ved campingplassen ut søksmål med eit krav på inntil 1.032.000 kroner pluss renter frå 1. desember 2012.

I Fjordane tingrett kom det fram at kjøparen meinte dei ikkje hadde forplikta seg til å overta og betale for dei aktuelle investeringane og utstyret på campingen. Retten finn det likevel sansynleggjort at kjøparen forplikta seg dette i samband med overtakinga av anlegga.

Retten var likevel ikkje samd i kravet frå seljaren på oppimot 1.032.000 kroner. Retten tok utgangspunkt i ein bokført verdi pr. 14. mai 2010 på i overkant av 600.000 kroner, men trekte frå bortimot 150.000 kroner for det elektriske anlegget som ikkje var omfatta av avtalen. Etter å ha gjort ytterlegare skjønnsmessig frådrag i den bokførte verdien, kom retten fram til at Stryn Sommerski Eigedom AS må betale eit vederlag 250.000 kroner pluss renter frå 12. august 2011 til Pop Norge AS. Eigedomsselskapet må og betale motparten sine sakskostnader på tett oppunder 100.000 kroner.