Ein vogntogsjåfør på veg austover rv 15 Strynefjellsvegen køyrde utfor vegen ved Grotli og velta ved 17.30-tida tysdag kveld. Sjåføren sat fastklemd i den kraftig samantrykte førarhytta i to timar før han vart redda ut og sendt til Ålesund sjukehus med ambulansehelikopter. Utruleg nok slapp mannen i 40-åra unna med moderate skader.

Spor på ulukkesstaden rett aust for Grotli høgfjellshotell viser at vogntoget først har kome utfor vegkanten på høgre side. Deretter har bilen skjena over på motsett side og velta ned i den bratte skråninga på venstre side.

Arne Strøm, operatør ved Gudbrandsdal politidistrikt, seier at ingen andre bilar var involverte i ulukka. Ein bilførar som køyrde bak vogntoget såg ulukka og fekk varsla raskt.

- Likevel tok det om lag to timar før sjåføren vart frigjort. Årsaka til det er dels lang utrykkingstid og dels at vogntoget måtte sikrast før redningsmannskapet kunne starte arbeidet med å frigjere sjåføren, seier Strøm.

Førarhytta på vogntoget var kraftig smadra og delar frå vogntoget låg strødd over eit større område. Politiet karakteriserte skadeomfanget til sjåføren som alvorleg, men Arne Strøm stadfestar at sjåføren var medviten medan redningsarbeidet pågjekk.

- Ut over det kan vi ikkje seie noko no. Spora og skadeomfanget på vogntoget viser at det har vore ein kraftig utforkøyring, sa Strøm ved 21-tida.

Rv 15 var heilt stengd for tunge køyretøy i godt over tre timar, medan mindre personbilar vart omdirigert forbi ulukkesstaden via ein grusveg.

- Vegen er no opna i eitt køyrefelt og trafikken vert dirigert manuelt. Vegen vil bli heilt stengd når kranbil skal få vogntoget opp på vegen att, seier Strøm.

Seint tysdag kveld opplyser Ålesund sjukehus at sjåføren har fått moderate skader.

Redningsmannskap måtte sikre det velta vogntoget før arbeidet med å frigjere sjåføren kunne starte. Foto: Bengt Flaten