Samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane har ikkje merknader til at fartsgrens vert redusert til 70 km/t i 12 tunnelar på riks- og fylkesvegnettet i fylket.

Mellom desse er dei tre tunnelane på riksveg 15 Strynelfjellet (Ospelitunnelen, Grasdalstunnelen og Opljostunnelen). Når det gjeld Strynefjellet, har samferdsleutvalet heller ikkje merknader til at fartsgrensa vert sett til 70 km/t også mellom tunnelane. Dette på grunn av den korte avstanden mellom desse tunnelane.

Leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes (Sp), seier til Fjordingen at det var full semje om vedtaket, som vart gjort utan debatt.

- Når vegvesenet foreslår tiltak som skal betre trafikktryggleiken i tunnelane, er det naturleg at vi følgjer opp, seier Menes.

Fem av dei 12 tunnelane i Sogn og Fjordane som får 70-fartsgrense, er å finne i Nordfjord. I tillegg til dei tre Strynefjellstunnelane på riksveg 15, gjeld det Lotetunnelen på E39 og Isetunnelen  på fylkesveg 614.