– Det har generelt gått bra i teknisk etat. Alle avdelingane har gått med overskot. Økonomien går bra, men vi har ikkje bemanning nok i kommunalteknikk, sa Jan Flore då årsmeldinga vart lagt fram for utvalet.

- Greier ikkje ta unna alt

- Kommunalteknisk er vi i knipe kvar dag. Dokumentasjon kan bli sett til side, og folk arbeider i overkant når vi ikkje greier å ta unna. Det vart tilsett prosjektingeniør for 2,5 år sidan, men restansen var stor, sa Flore.

Sjølv er han både avdelingsleiar og teknisk sskejf, og det er også utfordringar på det som går på sakshandsaming. Det fører til mykje kvelds- og helgearbeid.

- Må ha tid for å utvikle prosjekt

- Ein må ha tid når folk kjem og vil utvikle prosjekt. Det er ikkje berre å seie at dei skal kome igjen, sa Flore mellom anna. Odd Kåre Hjelmeland meinte at utan tilstrekkeleg med stillingar, var det lett å hamne i ein vond sirkel. Han spurde kva som kunne gjerast frå utvalet si side.

– Stillingsauke må eventuelt lanserast i forslag til nye tiltak i budsjettprosessen til hausten, svarte Flore.