Brakkene, som skal fungere som klasserom og kontor ved Tonning skule, er no kommen på plass.

Desse rommar eit klasserom på 67,9 kvadratmeter, kontor, grupperom og toalett.

Til hausten vil det bli tre parallell klassar på 1. trinn ved Tonning skule. Difor var det naudsynt med eit ekstra klasserom og fleire kontor for personalet.

Dette er ei mellombels løysing inntil planane om eit tilbygg vert realisert.