Miriam Flo (17) og hunden Luna seier dei begge har hatt ein riktig fin sommar.  Utover hausten skal Flo arbeide vidare opp i mot Ungdoms OL til neste år, med hovudoppgåve kring Fakkelfestivalen som skal vere i Stryn. Der skal ho saman med andre frå fylket vere frivillige arbeidarar.Kva er årets ferieplanar?- For meg har årets ferie vore å jobbe ein del heime i Stryn. Eg har og vore til Sverige saman med kjærasten og hans søskenbarn, i tillegg til å dra på Malakoff Rockefestival på Nordfjordeid.Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- Fint vêr, vere på hytta på Flofjellet, og få bada litt. Ein perfekt sommar er som regel den ein finn på Flo, fortel Miriam.

Kva et du helst på denne tida av året? - Thai-mat! Det er utan tvil det beste som finst! Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Via Ferrata og Tvinnefossen!

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Beste sommarminne er frå campingturane til Sverige og til badeland.