Namn: Vegard Sæten Hopland (21) og Andrè Vatnehagen Flo (22)

Frå: Stryn.

Yrke: Sommarvikarar i heimetenesta.

Vegard Sæten Hopland (21) og Andrè Vatnehagen Flo (22) frå Stryn arbeidar begge i heimetenesta, og tykkjer arbeidsdagane deira byr på mange spennande utfordringar.

Kva er årets ferieplanar?- For oss begge blir nok ferieplanane å vere heime å få slappa av, samt å arbeide for å spare opp pengar til studiestart.  Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for dykk?- Ein perfekt sommar vil vere å tilbringe tid saman med familie og venner, festing, ete mykje mat, og dra å bade.Kva et dykk helst på denne tida av året?- Grillmat er nok det vi begge likar omkring denne tida. Ein god hamburgar med mykje godt opp på slår aldri feil.

Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Vegard: Eg ville tatt sommargjestane med meg til Via Ferrata i Loen, og kanskje ein tur opp til Briksdalsbreen.- Andrè: Det vert mykje av det same tenkjer eg. Ein tur opp på Flo-fjellet, i tillegg til nokre andre fjellturar hadde vore kjekt.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Norway Cup! Det var litt av ei oppleving å få vert med på, fortel dei begge. Laget vårt hadde det kjekt både på og utanfor fotballbana.