Malakoff er snart i gong. Klokka 10 i dag opnar festivalcampen og klokka 16 opnar festivalområdet.

I ei pressemelding skriv festivalen at det er utseld for laurdagspass og at dei reknar med kring 22000 besøkjande i løpet av helga. Det er framleis mogleg å få billetter til i dag

Sjølv om sola skin no, ser dessverre ikkje vêrmeldinga for helga lovande ut, men festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal lovar topp-stemning uansett.

- Vi har jobba i nesten ei veke med rigginga og er snart klare for å ta imot alle dei forventningsfulle publikummarane. Vi håpar å gje dei den gode Malakoff-opplevinga i år og, seier Naustdal i pressemeldinga.