Styret i Voldsfjordkryssing AS har invitert Stryn kommune til å teikne aksjar i bruselskapet. Dette i samband med at det på ekstraordinær generalforsamling vart vedteke å utvide aksjekapitalen i selskapet.

- For kvar fjordkryssing der ferje vert avløyst med fastlandssamband går samfunnsutviklinga monaleg framover - faktisk kan det kanskje seiast slik at det er "samferdselsutviklinga som i stor grad vil styre samfunnsutviklinga". Å gjere Voldsfjorden ferjefri, vil vere eit viktig utviklingssteg for heile regionen, heiter det i invitasjonen signert styreleiar Jørgen Amdam, styremedlem Martin Brænne og styremedlem Odd A. Folkestad.