Isehaug Kafeteria ønskjer å endre fasaden før komande turistsesong. Arkitekt Tore Geir Aaland og innehavar Jens Isehaug har orientert sektorutvalet for tekniske saker om planane.

- Må fjerne falma hattar

Teknisk har uttrykt velvilje overfor planane, og det vil snarleg kome søknad som kan handsamast administrativt, seier byggjesaksleiar Kolbjørn Nilsen til Fjordingen. I hovudsak går planen ut på å fjerne dei eksisterande  «gule hattane» mot Per Bolstad plass som no er falma etter 22 år og erstatte deler av dette med fast tak og med open gangpassasje utanfor.

Taket ligg innanfor det som i reguleringsplanen er avsett til byggeføremål. Det skal også etablerast ein glaskuppel som signaliserer inngangspartiet til kafeteriaen. I tillegg er det ønskje om å etablere eit fleksibelt (samantrekkbart) tak over området nærast miljøgata.

- Må gje gode vilkår

– Det er viktig å gje gode vilkår for drift, framheldt Odd Kåre Hjelmeland (H), og resten av utvalet stilte seg positivt til dette. Dei kunne i utgangspunktet ikkje sjå problem med dette knytta til kva som måtte bli løysinga i utforminga av Per Bolstad plass i framtida, noko det no vert lagt føringar for i kommunedelplanen.