Fylkestingsrepresentant Sonja Øvre-Flo frå Stryn og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel  frå Hornindal hadde begge ordet om sentrale teka på landsmøtet til Høgre på Gardermoen i helga.

Sonja Øvre-Flo slo eit slag for dei 419 frivilligsentralane rundt om i landet og deira posisjon når det gjeld integrering av andre menneske:

- Bør øyremerke midlane

- "Dei fleste av oss har nok opplevd behovet for å vere integrert i ulike samanhengar. Det kan ha vore på ein nyarbeidsplass, i eit nytt nabolag eller i vårt politiske parti.Integrering er heilt nødvendig for å skape tilhøyrigheit! Vi harmange frivillige organisasjonar som gjer ein fantastisk jobb, meneg vil spesielt få trekkje fram det imponerande arbeidet som vertgjort av dei 419 frivilligsentralane rundt om i landet vårt.Frivilligsentralane er viktige for integrering av tilflyttarar fråfjern og nær", sa Øvre-Flo mellom anna.

Ho gjorde greie for finasieringa: "Finansiering av sentralane er i dag gjennom statsbudsjettet derKulturdepartementet har forvaltningsansvaret. Kravet er 40 % lokalfinansiering , samt at sentralen må ha ein dagleg leiar i 100 %stilling for å få tilskudd frå departementet.  I samband medbehandling av Kommunereformen slutta Stortinget seg i fjor sommartil at tilskuddet bør overførast til kommunane. Det er her mi ogmange si bekymring kjem inn. Vi er redde for at denne unikeorganisasjonen som eit samla Storting saman med frivillige har bygdopp gjennom mange år skal verte ein salderingspostFrivilligsentralane er inga lovpålagt teneste og vil derfor trulegenkelt kunne falle utanfor i tronge tider i Kommunane.Avslutningsvis vil eg då sei at dersom midlane vert overført tilkommunane ber eg om at Høgre arbeider for at desse midlane vertøyremerka", sa Øvre-Flo

  - Stryn gjer ein kjempejobb

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel snakka om både om behovet for eit styrka forsvar og flyktningesituasjonen på landsmøtet. Når det gjaldt det siste drog han fram Stryn som eit godt eks empel:

"Stryn kommune har hatt kontinuerlig mottak av flykninger siden1987. I snitt 15-50 personer pr år og det er fleire enn det IMDIanmodar om. Stryn kommune har i dag totalt 7170 innbyggarar, med 50ulike nasjonalitetar. Det er knapt 20% av innbyggarane som erarbeidsinnvandrarar, busette flyktningar og på asylmottak.Suksessfaktorane til Stryn har vore politisk vilje, og økonomiskevne, klare krav og forventninger til flyktningane og tillokalsamfunnet", sa Lødemel mellom anna.