I dag skal hovudutval for opplæring justere opplæringstilbodet ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane skuleåret 2013-2014.

Justeringa skjer i høve til det skuletilbodet som vart vedteke i utvalet i oktober i fjor. For Stryn vgs innebar dette vedtaket ein auke på to område samanlikna med inneverande skuleår: For det første ein klasse (andre årssteg) i studiespesialisering. For det andre ein klasse i teknikk og industriell produksjon (køyretøy). På den andre sida innebar oktobervedtaket at Stryn reduserer med ein klasse (første årssteg) studiespesialisering komande skuleår.

Saka i dag gjeld ei justering av tilbodet ved dei ulike skulane etter at søkjartala for 2013-2014 vart kjende. Ved dei vidaregåande skulane i Nordfjord tilrår skuledirektøren at vidaregåande trinn 1 restaurant- og matfag i Stryn ikkje vert sett i gang. I Måløy vert vidaregåande trinn 2 maritime fag tilrådd auka med ei gruppe. Ved skulane på Eid og Sandane er det ikkje tilrådd justeringar.