At over 50 honndøler brukte måndagskvelden til å skaffe seg informasjon om E39 Byrkjelo - Grodås, vitnar om stort engasjement. Tidlgare på dagen hadde mange av dei aktuelle grunneigarane, og andre interesserte, vore innom Statens vegvesen sin kontordag på Smia.

Også i Hornindal dreiar det meste seg om kryssløysingar. På folkemøtet kom det fram at  tre av fire alternaitv  kan planleggast med T-kryss/rundkøyring i staden for større og meir arealkrevjande tilknytingspunkt.

– T-kryss/rundkøyring skal berre unntaksvis nyttast på nasjonale hovudvegar. Men det kan vere moglegheit for slike løysingar innan 60 km/t-sone, opplyste planleggjar Kurt Sagen.

Statens vegvesen har i forslag til planprogram lagt inn fire alternativ for tunnelinnslag og kryssløyving i området mellom Kvivstunnelen og Grodås:

1. Tunnelinnslag sør for Kyrkjhornselva nær sentrum og kryss ved landbruksarealet nærast sentrum.

2. Tunnelinnslag mellom Kyrkjhornselva og Hornindal skule. Tilkopling til eksisterande E39 ved Prestegardsøyane.

3. Tunnelinnslag mellom skulen og Lødøen (området ved barnehagen) og kryss nær fylkesveg 726.

4. Tunnel mellom Lødøen og Tomasgard og ny bru over Storelva.

Alternativa 1,2 og 3 ligg innanfor 60 km/t-sone. Noko som i følgje Kurt Sagen opnar for bruk av T-kryss/rundkøyring som tilknytingspunkt.

For alternativ 4 som krev tilknytingspunkt for fartsgrense 80/90 km/t, må det planleggast eit større kryss.

Les meir i papiravisa fredag.