I helga er det klart for sommardagane i Utvik, då er det venta mange besøkjande i den vesle bygda.

I Utvik har dei ei splitter ny gjestehamn, og arrangementskomiteen har eit stort håp om at denne vil bli godt brukt i helga.

– Gjestebrygga har vore altfor lite brukt sidan den kom opp førre sommar, fortel Jarle Aaberg i komiteen.

– Her har ein tilgang til straum og vatn og vi har ingen fast døgnpris. Det er mangel på plassar ein kan leggje til i fjorden her og denne har jo ein veldig fin plassering, på den flottaste plassen i Nordfjord, meiner han.

Gjestebryggja ligg sentralt i fjorden.