Skulesjef Arne B. Berge tilrår nedlegging av Oppstryn skule, med overføring av elevane til Storesunde skule frå 1. august i år. Kommunestyret tek avgjerd i saka komande onsdag.

I samband med Prosjekt 2013 og med tanke på 2014-budsjettet, blir det vurdert fleire endringar i skulestrukturen i Stryn kommune. Flytting av ungdomstrinnet frå Olden til Stryn ungdomsskule, samanslåing av barnetrinna i Loen og Olden og flytting av elevane frå Rand til Nordsida skule, er mellom det som er med i desse vurderingane.