Denne helga var etterkommarane etter Hans Henrik Gerhard Kloumann i Loen.

Kloumann er legen som fekk bygga Skålatårnet i 1891. I år er Skålatårnet 125 år gamalt, og det feirast med slektstreff på Hotel Alexandra for Kloumann sine etterkommarar.

Tilsaman er dei 80 personer frå Kloumann-slekta som er samla denne helga.

Fredag tok fleire av dei turen til Skålatårnet.

- Vi var 45 personar som gjekk opp til Skålatårnet på fredag. Yngste som gjekk opp var 5 år og eldste som kom opp var 72, fortel Kristin Gjellestad, som er med å arrangere slektstreffet.

Laurdag er det foredrag om forfedrane og ein presentasjon av det nye bygget på Skåla av leiaren for Bergen og Hordaland turlag. Deretter skal dei ha festmiddag på Hotel Alexandra.