– Dagen i dag ser grå ut, med ikkje særleg høge temperaturar, fortel vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen, Anne Solveig Andersen.

– Men i morgon kjem eit lyspunkt. Utpå dagen og kvelden i morgon skal det lette og fredagen kan bli bra. Eg hadde håpa at temperaturen kanskje kom opp i 20 gradar.

Dessverre er ikkje sola her for å bli, for på fredag kveld skyar det til att.

– Då kjem det inn meir dårleg vêr, og det blir regn. Slik ser det ut utover neste veke også.

Når kan ein vente eit vêrskifte?

– Ifølgje månadsvarselet så blir det inga drastisk endring i juli eller i starten av august dessverre. Men det kan jo endre seg, seier Andersen.