Neste onsdag får vi ein forsmak på kvar Stryn står når dei møter Tornado Måløy heime i første kvalikrunde i NM.

- Har fått trena bra

- Eg føler vi er komne lenger enn på same tid i fjor. Ting sit betre i forhold til kva vi er blitt samde om, seier trenar Johann Sigurdsson.

- Komande laurdag får vi ein skikkeleg test på kvar vi står når vi møter Førde (2. divisjon) i Sognehallen. Laurdag i neste veke reiser vi på treningsleir til Farsø i Danmark. Der skal vi møte Eik Tønsberg til treningskamp, og vi skal også ha eit avbrekk for å sjå Ulrik (Flo) i seriekamp for Silkeborg, seier Johann.

- Du hadde ei stor gruppe på trening i går?

- Dei siste par åra har vi køyrt saman ein større gruppe, men det er klart vi manglar ein del folk. Fem bur i Bergen og ein i Sogndal, men vi har hatt ei fin treningsgruppe heime som har trena godt. Sidan 19. november har vi køyrt fire økter i veka, samt kampar i helgene, og frå 1. februar har vi vore ute.

- Vil gli godt inn

- Nye spelarar på laget?

- Keeper Fredrik Hanssen frå Førde, skreiv under for ei vekes tid sidan. Elles Andreas Vereide, Sandane og Marius Rauset, Loen. Alle tre vil gli godt inn i laget.

- Kva for tankar har du om Førde-kampen til helga?

- Førde vert ein fin målestokk der vi skal prøve å få til det vi har trena på. Vi skal tore å spele vårt eige spel, også mot gode lag.

- Kva vil særprege Stryn i -16-sesongen?

- Vi skal ha ein variasjon av det å spele kort og langt. Jobbe mykje med å kome oss gjennom motstandarane sine ledd. Fokuset skal mykje liggje på å gjere enkle ting skikkeleg. Det er grunnlaget for alt. Dess oftare vi greier det, dess betre blir resultata, seier Sigurdsson som gler seg stort til sesongen. Treningskampane legg han ikkje for stor vekt på, men vi har notert oss sigrar mot lag som Eid, Rollon og Hareid.