På regnvêrsdagar er det ofte gratis internett som trekkjer turistar til turistinformasjonen i Stryn.

– Det er mange som sit her og brukar nettet. Ofte søkjer dei etter ting å gjere på i Stryn. Det er jo noko vi og kan hjelpe til med, smiler Leif Ståle Skår, som er på jobb i turistinformasjonen.

Dette er andre sommaren har jobbar her, og ifølgje han er ting stort sett ved det same, når det gjeld turistnæringa.

Han har ikkje merka noko auke i turiststraumen, ei heller ei endring i kvar turistane kjem frå. Spørsmåla er også framleis dei same.

– No går det litt på autopilot. Dei lurar på kva dei kan finne på, kvar det er fint å gå tur og kva stader dei bør oppleve. Det er flest tyskarar innom, seier han og viser fram statistikken over kvar turistane som er innom kontoret kjem frå.

Leif Ståle Skår har sommarjobb på turistkontoret.
Leif Ståle Skår har sommarjobb på turistkontoret.