Per Kjøllesdal (Sp) ser inga hensikt i at Stryn kommunestyre skal vedta ein intensjonsavtale som Volda kommunestyre "tok til vitande".

- Etter mitt syn vil det vere meiningslaust å vedta ein avtale som Volda i realiteten sa nei til. Det er mitt personlege syn før saka har vore oppe i gruppemøtet til Stryn Sp, seier Per Kjøllesdal.

- Din reaksjon på vedtaket i Volda kommunestyre som la intensjonsavtalen på is?

- Eg tykkjer det er prisverdig av politikarane i Volda å fatte eit vedtak som så klart seier at dei har eitt alternativ; samanslåing med Ørsta.

- Du meiner at vedtaket betyr kroken på døra for samanslåing av Hornindal, Stryn og Volda?

- Ja, etter mi vurdering kan det ikkje tolkast annleis når det også ligg inne krav om ny folkerøysting før at dette alternativet kan bli aktuelt som Volda sin plan B. Med tanke på fristen 30. juni, vil timeglaset renne ut. Eller for å sitere vår eigen rådmann; "vi har forferdeleg dårleg tid".

- Korleis vurderer du Stryn kommune sin situasjon to månader før endeleg vedtak skal fattast?

- Vi har to  alternativ - Stryn som eigen kommune eller samanslåing med Hornindal. Begge gode alternativ, sluttar Per Kjøllesdal.