Wenche Nygård Eeg i Cruise & Travel Management er engasjert av Nordfjord Havn for å gje råd til utvikling av cruiseaktiviteten.  I møtet med styret i Nordfjord Havn IKS gjorde ho det klart at Olden har store moglegheiter som cruisedestinasjon.

- Noter kva som fungerer bra når Olden med dagens anlegg klarer å handtere 125.000 cruisepassasjerar på ein sesong og sjå som er mogeleg å få til med ny aktivitet på Myklebusttomta. Olden har store moglegheiter for å få sin del av cruise-veksten i åra som kjem. Sats på grøn og berekraftig utvikling av cruisenæringa, var Wenche Nygård Eeg sin klare bodskap.

Myklebusttomta er sentral når det utvikling av cruiseaktiviteten i Olden. Men Wenche Nygård Eeg åtvara mot eit opplegg der alle cruisepassasjerar som skal i buss eller tog, vert slusa inn på Myklebusttomta.

Wenche Nygård Eeg som har brei og lang erfaring i det meste som gjeld cruiseturisme, meinte at at det vil virke negativt dersom ein må bruke opp til  tre kvarter ekstra for å kome seg på og av bussar til t.d. Briksdalen.

- Med god tilrettelegging og logistikk bør det framleis vere mogeleg med noko busstransport inne på noverande kaiterminal, hevda ho.

Arbeidet med reguleringsplanen skal gje svar på korleis ein vil løyse den framtidig traikksiituasjon og andre forhold knytt til cruiseterminalen i Olden.