Det går fort føre seg i klatrejungelen, i det born og unge klatrar oppover langs nettingane. 4,5 år gamle Elias Hjellbakk tykkjer det er flott med eit spennande og nytt klatreanlegg i Stryn, og får god støtte frå faren, Knut Henning. - Det er godt å sjå at borna har ein stad der dei kan utvikle ferdigheitene sine, og samtidig ha det kjekt, fortel Hjellbakk. Eit godt samlingspunkt for mange- Klatreanlegget ligg godt plassert, og er på mange måtar eit samlingspunkt for mange foreldre og born seier Hjellbakk. Her kan borna aktivisere seg sjølve mens ein kan sitje i fred og ro å sjå på. Den vert nok eit godt samlingspunkt for mange framover, trur han.

Må ikkje gløyme naturenHjellbakk avsluttar med å sei at ein ikkje må gløyme naturen som ein arena for leik og moro. - Ein kan godt finne på mykje rart ute i skog og mark om ein let fantasien få fritt spelerom. Han fortel om ein koseleg gåtur saman med sonen oppe ved Tonningskamben.

Elias (4,5) tykkte det var stas å henge i nettet saman med far. Foto: Simen Gald