Fylkesordførar Åshild Kjelsnes ber samferdsleminister Marit Arnstad klargjere fakta kring dei 400 millionar kronene som skal ha vorte tilbodne til fylkesveg 60 Olden - Invik som kompensasjon for at E39-kryssinga i Nordfjord skal skje over Anda - Lote.

Det er i eit brev til samferdsleministeren fylkesordføraren ber om eit svar. Kjelsnes viser til den aktive diskusjonen i dei politiske miljøa og media i Sogn og Fjordane om trasevalet for E39 og kryssing av fjorden, og opplysningar om dei 400 millionane til Olden - Innvik som har vorte dregne inn i debatten. Oppgradering av strekninga Brykjelo - Stryn til riksveg har også vore omtala som ein del av "pakken".

Statsråden blir oppmoda om å kome med ei snarleg avklaring om det dreiar seg om eit reelt tilbod som krev handsaming i fylkeskommunen. Åshild Kjelsnes vil også vite om eit tilbod om 400 millionar til Olden - Innvik kjem i tillegg til den planlagde råma til riksvegar i Sogn og Fjordane.