Ein mindre lastebil heimehøyrande i Oslo velta inn i fjellveggen etter å ha kome utanfor asfaltkanten på Svarstad,

ca. fem kilometer vest for Stryn sentrum i 14-30-tida i dag. Den polske sjåføren kom ikkje til skade.

Etter det Fjordingen forstår, kom framhjulet utanfor asfaltkanten slik at det vart umuleg å manøvrere bilen opp att på vegen. Det kom heller ikkje til skade på køyretyet som vart ståande med skapet mot fjellveggen.