Etter prøverøystiing og gruppemøte vedtok Stryn kommunestyre i dag samrøystes å godkjenne intensjonsavtalen som er framforhandla mellom Hornindal, Stryn og Volda kommunar.

I vedtaket ligg det også at det i løpet av våren også skal gjennomførast innbyggarundersøking i Stryn kommune der den foreliggande intensjonsavtalen, samt intensjonsavtalen med Hornindal blir vurdert opp mot 0-alternativet (oppretthalding av dagens kommunestruktur). Det vart også vedteke å gjennomføre rådgjevande folkerøysting med røystedato 13. juni.

Lengre debatt

Det vart ein lengre debatt i saka  som munna ut i at Aud Løvlid (H) ba om gruppemøte og prøverøysting. Prøverøystinga synte 16 røyster mot 9 for rådmannen si tilråding om å godkjenne avtalen. Mindretalet støtta seg til framlegg frå Per Kjøllesdal (Sp) om å avslutte prosessen med Stryn, Hornindal, Volda no for så å gå vidare med to alternati, Stryn og Hornindal i lag og 0-alternativet. Som eit eige punkt var det her lagt inn at det på seinare tidspunkt skulle takast stilling til eventuelt nye alternativ.

Etter innleiing frå ordføraren der han påpeikte viktigheita av å involvere innbyggarane, også med styrt informasjon framover, vart det opna for debatt der Per Kjøllesdal (Sp) var den første som tok ordet:

- Avtalen var det beste vi fekk til i den konstellasjonen, men den var ikkje god nok, sa Kjøllesdal.

Han trudde lite på at det ved samanslåing, ville bli tillagt nye reelle oppgåver, noko Amdam hadde meint var ein føresetnad for at lokaldemokratiet kunne styrkast ved samanslåing.

- Nei vi er srore nok med dei oppgåvene vi får. Hadde prosjektet Hoven blitt til om administrasjonen hadde lege under Volda. Nei, eg trur ikkje det. Ingen greier å styre oss betre enn oss sjølve, sa Kjøllesdal mellom anna.

Må lytte til folket

Inge Fænn (H) meinte kommunestyret i dag ikkje var i stand til å fortelje folk i Stryn kva som rett eller gale. Vi må vere villege ti lytte til dei i ei folkerøysting. Held vi ein fortsatt open dialog,  er det også eit signal for kvar dei regionale grensene skal trekkast, sa han og ville røyste for intensjonsavtalen.

Richard Grov (H) ville røyste mot:

- Eg er ei enkel sjel. Å sjå til Volda er eit blindspor. Stryn står seg utmerkt godt og kanskje ennå betre saman med Hornindal. Eg er nordfjording. Vi skal ta vare på kvalitetane våre og bygge stein for stein. Vi er rekna for å vere flinke i Stryn, og det skal vi fortsetje med. Eg kan ikkje forstå at vi ikkje framleis skal vere flinke. Til slutt blir det kjøtvekta som avgjer.

Torstein Tvinnereim (V) var samd med Fænn:

- Avsluttar vi i dag, ville vi ikkje fått med oss den delen av folket som vil at vi skal vere del av ein større kommune. Eg vil at vi skal ha med oss mest muleg informasjon når vi går til eit avgjerande kommunestyre den 23. juni.

Klemet Bø (KrF):

- Innbyggarundersøkinga burde vel vore utvida til etter den 19. mai, og kva skal det spørjast om for å ha nytte av den? Eg fryktar også at vi med låg valdeltaking neppe får noko gode signal med tre eller fleire alternativ.

Rådmannen påpeikte tidsknipa:

- For å kunne informere, må vi også vite kva vi skal informere om, og det veit vi ikkje før i månadsskiftet mai/juni. Med forhåndsrøysting også, kan 13. juni bli knapt for folkerøysting. Visst ikkje Stryn, Hornindal og Volda er noko alternativ, har vi heller ikkje noko å leggje til grunn for folkerøysting.

Ordførar Sven Flo var krystallklar:

- Det er ein enkel bodskap. Kommunestyret er suverene i spørsmålet i juni, men vi har eit ansvar overfor innbyggarane våre. Stemmer vi ned denne intensjonsavtalen utan å lytte til innbyggarane våre, ja, då har vi ei kjempeutfordring. Då kan det bli vanskeleg å kommunisere med folk. Vi må vere framoverlendt. Identitet og tilhøyrigheit er der sjølv med endra strekar på eit kart. Vi skal levere tenester i framtida i forhold til ressursar, areal og meire til: Vi konkurrerer i dag om dei same fagfolka, og eg vil ikkje sende næringsdrivande til andre kommunar fordi vi ikkje skulle ha areal. Om ikkje avtalen vert godkjent i dag, ser eg ingen grunn til folkerøysting, sa Flo mellom anna.

Flo la til at politiske signal i Hornindal var tydelege når det gjaldt eventuelt val mellom Stryn eller Volda. Då ville dei velje Volda, og Stryn ville sitje att med 0-alternativet.

- Mange har i ettertid vore så opptekne av Eid og Gloppen. Vi hadde ein felles uttalelse med dei. Vi var enige om at vi var uenige og ikkje kunne kome vidare. Skulle Gloppen og Eid ikkje bli enige 30. mai, kan det vere vanskeleg å ta opp hansken med Gloppen. Eid kan dei ha to alternativ til å bli åleine. Enten mot Volda/Hornindal eller gå ut fjorden då Vanylven-sporet truleg ryk. For Eid er det ikkje unaturleg å gå til Volda. Vi kan påvirke til 1. juli. Etter det kjem fylkesmannen på ballen. Vi har sterke kort på hand når vi viser at vi vil noko med denne avtalen, sa Flo mellom anna.

Ordføraren gjorde også greie for dei økonomiske føresetnadene i  inntektssytemet som vart endra til fordel for Stryn gjennom Regjeringa og Venstre. Frå eit utgangspunkt med årleg tap på 5,7 millionar kroner ved å stå åleine til eit tap på 170.000 kroner. Dette gjennom trekk i basistilskotet, men styrke av distriktstilskotet. Flo gjorde det likevel klart at det var betydeleg reformstøtte og stimulanse å oppnå ved samanslåing.

- Må vere tydelege

Per Kjøllesdal (Sp) poengterte at demokratiet låg i folket, men at kommunestyret var ansvarleg og at det var muleg å leggje ting ut til rådgjevande folkerøysting:

- Vi må vere tydeleg og klare på kva vi vil. Då har vi også mulegheit i konstellasjonane, sa han.

- Vi kan vere så tydelege som vi berre vil. Det er 19. mai og 30. mai vi får vite, og karusellen stoppar ikkje før 1. juli. Innbyggarane må ta stilling til alle alternativa, sa Sonja Nedre-Flo (H).

- Vi kan ikkje hoppe av i dag og låse døra. Follk må få seie noko, sa Anders Magne Vik (Frp)

Randi Bjørset (Ap) sa at Stryn og Hordnindal var ein god konstellasjon og som var uttrykt på årsmøtet til Stryn Ap. Ho ville at folket skulle vere med å vurdere tre alternativ, inkludert Stryn, Hornindal og Volda.

- Ingenting av betydning som tilfører Stryn

Astrid Drageset Raftevold (Sp) sa at kommunestyret var suverene. Ho såg ingenting av innhald i intensjonsavtalen som tilførte Stryn noko særleg:

- Vi har avstandane, og kva er eigentleg positivt i avtalen og av ein slik karakter at det kan leggast fram for folket? spurde ho.

Ordføraren repliserte at det var viktigare å stille stryningane spørsmålet om innhaldet var bra. Vi er sterke og tydelege, og det skal vi fortsetje med.

-Reforma skal heller ikkje nekte Richard Grov å drive vidare. Hovudfokuset ligg på kommunal sektor og tenester til innbyggarane. Vi blir pålagt små drypp frå staten. Det er kvardagen. Vi snakkar om strukturendring i kommunal sektor, sa Flo.

Etter gruppemøta sa Kjøllesdal at prøverøystinga hadde vore rimeleg tydeleg. Han trekte framlegget og ville kome tilbake etter folkerøystinga i juni.