I framlegget til kommunedelplan er det sett av 16 dekar utvidingsareal til Stryn ungdomsskule i Bø. I den tekstlege delen ligg der kommentar på at Tonning barneskule og Stryn ungdomsskule kan byte plassering. I klartekst betyr det at ungdomsskuleelevane i så fall overtek lokala til Tonning skule, medan elevane frå første til og med 7. klasse vert flytta til skulen i Bø.

Situasjonen til Tonning skule er at ein har avgrensa areal.  I den samanheng er eit lite areal endra frå idrettsføremål (Strynehallen) til føremål for offentleg eller privat tenesteyting.

- Både folketalsframskrivinga, som syner ein auke i folketalet, og ei intern sentralisering i kommunen vil føre til ytterlegare auke i folketalet for Tonning krins. Med bakgrunn i dette er det lagt til rette for ei utviding av Stryn ungdomsskule. Dette kan nyttast både til utbygging og nærområde til skule. Dersom Tonning barneskule og Stryn ungdomsskule byter plassering vil det bli eit større behov for grøntareal i tilknyting til barneskulen, heiter det i planen som no ligg ute til offentleg ettersyn.